Tilbake
Schermafbeelding 2022-06-23 om 21.53.32
Schermafbeelding 2022-06-23 om 21.55.26
IMG_4635
IMG_4637
IMG_4647

Bygging i full sving

24 juni 2022

Etter flere år med planlegging, førebearbeid, teikningar og søknad om byggjeløyve, er tida endeleg her: me skal byggje bar / restaurant her på Nautesund Camping!
Førearbeidet har no pågått i fleire veker, og no som sjølve byggjet er begynt å ta form, er tida inne for å gje det litt meir omtale.
Dei siste vekene er det utført planering, bygd ringmur og golvet er støypt.
Reising av treverk begynte denne veka. Vedlagte bileter er frå mandag, tirsdag og i dag. Vedlagt fylgjer også nokre teikningar om korleis byggjet vil sjå ut når det er ferdigstilt.  
Som det famgår av teikningane er det planlagt ein terrasse. Denne vert på sørsida mot sjøen med utsikt mot øst, sør og vest!
Interiøret vert koseleg og menyen internasjonal.
Me håpar våre framtidige gjestar vil vere like entusiastiske som me er til dette nye spennande prosjektet vårt her på campingplassen!

 

Nautesund Camping
Nautesund Camping | Kanskje Norges finaste plass