NO Tekst important to know

Viktig å vite

Sanitæranlegg – vaskerom – kjøkken

Sanitæranlegget i hovedbygningen er open heil året.
Me forventar at de forlet sanitæranlegget slik de ynskjer å finne det.  Sjå etter at det er ryddig og greit etter bruk.
Kjøkkenet må også ryddast og vaskast / tørkast av etter bruk.  Sjå etter at kokeplate, benkeplate og vask er tørka av.  Sjekk også at slukane er reingjorte når du forlet kjøkkenet.
Dersom du ynskjer å benytte kjøleskapet må du skrive navnet ditt på det du legg inn.
Ved bruk av vaskerom hugs å ta med det som er ditt og rydd opp etter deg når du er ferdig.
Vaskemaskin og tørketrommel skal ikkje brukast etter kl. 23:00.

Paviljong – terrasse

Nede ved sjøen (sør-vest sida) har me ein paviljong og ein stor terrasse. Både paviljonen og terrassen kan nyttast av våre gjestar. Dersom nokon ynskjer å ha ein privat samankomst der nede, er det berre å spurje oss. Det er ikkje lov å røykje inne i paviljonen, heller ikkje grille!! Det er heller ikkje lov å grille på terrassen!! Når paviljongen og terrassen vert brukt, ber me at de forlet plassane slik de ynskjer å finne dei. Rydd fint opp etter deg og ta med alt av søppel / tomflasker etc.

Avfall

Det er KUN lov å kase restavfall i avfallskontainaren (matavfall og anna småemballasje som ikkje går i plast/papir- kontainaren. Alt anna som større elektriske artiklar, hagemøblar, møblar, madraser, treverk etc. må du sjølv ta med og levere til avfallsstasjon.  .  
Fiskeavfall, rekeskall, krabbeskall, etc. må kastast i sjøen. Ikkje i avfalls-kontainaren.

Hundar

Det er lov å ta med hund. Men, hugs alltid å ha hunden i bånd. Me ber om at de unngår at hunder gjer frå seg på plenane vår og nede ved sjølkanten. Hugs alltid å rydde opp etter hunden når den har gjort sitt fornødne. Ta med hundeposen og kast den i avfallskontainare.

Oppførsel, ro og orden

Alle på Nautesund skal vise hensyn og god folkeskikk overfor kvarandre. Slik bevarar me eit godt miljø. Me ber om at det er ro mellom kl. 23:00 og kl. 08:00.  

Bilar og parkering

  • Me ber om at fartsgrensa inne på campingplassen ikkje overskrid 20 km /h. Dette pga. at det til tider er mange små og store born som er ute og leikar.  
  • Det er ikkje lov å vaske / spyle bilen inne på campingplassen.  

Bål og open ild

Det er ikkje mulig å lage bål / tenne opp ild på campingplassen utan at dette på førehand er avtala med oss.

Røyking

Det er ikkje lov å røyke inne i sanitæranlegget, i kiosken, på kjøkkenet / vaskerommet eller i hyttene.

Ansvar

Alle våre gjestar er sjølv ansvarleg for sin eigen sikkerhet. Dette gjeld all ferdsel / opphald på leikeplassen, ved sjøen, på bryggjene etc.

 

    Nautesund Camping logo
    Nautesund Camping
    Nautesund Camping | Kanskje Norges finaste plass