Viktig å vite
Sanitæranlegg – vaskerom – kjøkken
Sanitæranlegget i hovedbygningen er open heil året.
Me forventar at de forlet sanitæranlegget slik de ynskjer å finne det. Sjå etter at det er ryddig og greit etter bruk.
Kjøkkenet må også ryddast og vaskast / tørkast av etter bruk. Sjå etter at kokeplate, benkeplate og vask er tørka av. Sjekk også at slukane er reingjorte når du forlet kjøkkenet.
Dersom du ynskjer å benytte kjøleskapet må du skrive navnet ditt på det du legg inn.
Ved bruk av vaskerom hugs å ta med det som er ditt og rydd opp etter deg når du er ferdig.
Vaskemaskin og tørketrommel skal ikkje brukast etter kl. 23:00.
Paviljong – terrasse
Nede ved sjøen (sør-vest sida) har me ein paviljong og ein stor terrasse. Både paviljonen og terrassen kan nyttast av våre gjestar. Dersom nokon ynskjer å ha ein privat samankomst der nede, er det berre å spurje oss. Det er ikkje lov å røykje inne i paviljonen, heller ikkje grille!! Det er heller ikkje lov å grille på terrassen!! Når paviljongen og terrassen vert brukt, ber me at de forlet plassane slik de ynskjer å finne dei. Rydd fint opp etter deg og ta med alt av søppel / tomflasker etc.
Avfall
Det er KUN lov å kase restavfall i avfallskontainaren (matavfall og anna småemballasje som ikkje går i plast/papir- kontainaren. Alt anna som større elektriske artiklar, hagemøblar, møblar, madraser, treverk etc. må du sjølv ta med og levere til avfallsstasjon. .
Fiskeavfall, rekeskall, krabbeskall, etc. må kastast i sjøen. Ikkje i avfalls-kontainaren.
Hundar
Det er lov å ta med hund. Men, hugs alltid å ha hunden i bånd. Me ber om at de unngår at hunder gjer frå seg på plenane vår og nede ved sjølkanten. Hugs alltid å rydde opp etter hunden når den har gjort sitt fornødne. Ta med hundeposen og kast den i avfallskontainare.
Oppførsel, ro og orden
Alle på Nautesund skal vise hensyn og god folkeskikk overfor kvarandre. Slik bevarar me eit godt miljø. Me ber om at det er ro mellom kl. 23:00 og kl. 08:00.
Bilar og parkering
- Me ber om at fartsgrensa inne på campingplassen ikkje overskrid 20 km /h. Dette pga. at det til tider er mange små og store born som er ute og leikar.
- Det er ikkje lov å vaske / spyle bilen inne på campingplassen.
Bål og open ild
Det er ikkje mulig å lage bål / tenne opp ild på campingplassen utan at dette på førehand er avtala med oss.
Røyking
Det er ikkje lov å røyke inne i sanitæranlegget, i kiosken, på kjøkkenet / vaskerommet eller i hyttene.
Ansvar
Alle våre gjestar er sjølv ansvarleg for sin eigen sikkerhet. Dette gjeld all ferdsel / opphald på leikeplassen, trampolina, ved sjøen, på bryggjene etc.
Trampoline
Når det gjeld trampolina vår, refererer me til advarselen frå North Trampoline AB. Forsømming av denne advarselen er det bruker sjølv som er ansvarleg for (foreldre i tilfeller det er born).
I tillegg til advarselen frå North Trampoline AB har me fylgjande supplement.:
- Hopping på trampolina er kun lov frå kl. 10:00 – 22:30
- Ingen hyling og skriking, ingen musikk, ingen eting / drikking når du er på trampolina
- Ta ALLID av skorne når du er på trampolina
- Max. 2 personar og gongen (3 dersom borna er under 10 år)
- Vis ALLTID hensyn til kvarandre!!
- Dersom det er mange som vil hoppe så ta kvar sin omgong på 10 minutt
